Søknad om flytelefonistsertifikat
NF-1074
Tenesta blir brukt for å søke om utferding av flytelefonistsertifikat på grunn av forlenging, namneendring eller behov for duplikat, eller utferding basert på kreditering frå flygarsertifikat eller militær flygarutdanning.
Når skal skjemaet brukast?
Skjemaet skal brukast ved søknad om forlenging, namneendring, duplikat, kreditering frå flygersartifikat eller kreditering frå militær flygarutdanning.
Hvem skal bruke skjemaet?
Målgruppa er eksisterande innehavarar av flytelefonistsertifikat som søker om forlenging, namneendring eller duplikat. Målgruppa er òg dei som søker om førstegongsutferding av flytelefonistsertifikat basert på kreditering frå flygebesetningssertifikat (Part-FCL-sertifikat) eller militær flygarutdanning.
Kvifor må du ha eit gyldig sertifikat?
Innehavaren må bere med seg gyldig, original utferding frå Luftfartstilsynet når han utøver privilegia til sertifikatet. Det må utferdast nytt flytelefonistsertifikat når sertifikatet er utgått, tapt eller øydelagt, eller når innehavaren har endra namn.