Hopp til innhold

Personvernerklæring for Luftfartstilsynet

Denne personvernerklæringa gir informasjon om når, kvifor og på kva grunnlag Luftfartstilsynet behandlar personopplysningar og kva rettar du har når vi behandlar personopplysningar om deg.

1. Kva er ein personopplysing?

«Personopplysingar» er informasjon som kan fortelje oss noko om ein fysisk person. Informasjonen må kunne koplast til ein bestemd person, men det er tilstrekkeleg at koplinga er mogleg, til dømers ved bruk av tekniske hjelpemiddel og tilleggsinformasjon. Døme på personopplysingar er ein persons kontaktopplysningar, kvalifikasjonar, interesser, helse, rørsler og utsjånad.

2. Kva siktar ein til med behandling av personopplysingar?

«Behandling» vert brukt som sekkenemning for alt ein gjer med ei personopplysing, til dømers å innhente, lagre, analysere, samanlikne og utlevere ho. Ein og same behandling består normalt av fleire slike operasjonar.

3. Behandlingsansvarleg

Luftfartstilsynet ved direktøren er behandlingsansvarleg for all bruk av personopplysingar der Luftfartstilsynet har bestemt formålet med behandlinga og korleis ho skal gå føre seg. Som behandlingsansvarleg har ein det juridiske ansvaret for å sikre at behandlinga går føre seg i tråd med personvernlovgivinga. I denne personvernerklæringa kan du lese meir om kva behandlingsaktivitetar Luftfartstilsynet er behandlingsansvarleg for.

4. Personvernombodet i Luftfartstilsynet

Luftfartstilsynet har eit eige personvernombod. Hovudoppgåvene til personvernombodet er å gi råd om dei forpliktingane Luftfartstilsynet har etter personvernlovgivinga og kontrollere om verksemda overheld regelverket. Personvernombodet har ei uavhengig rolle og kan ikkje få instruksar om utføringa av dei lovpålagde oppgåvene sine.

Du kan kontakte personvernombodet dersom du har spørsmål knytt til Luftfartstilsynets behandling av personopplysningar, eller dersom du treng hjelp til å utøve rettane dine. Les meir om rettane dine etter personvernlovgivinga nedanfor.

Personvernombodet kan kontaktast på e-post: personvernombud@caa.no.

5. I kva tilfelle behandlar Luftfartstilsynet personopplysingar?

Tilfelle der Luftfartstilsynet behandlar personopplysingar er:

Ved tilsynsoppgåver og anna offentleg styremaktsutøving

Luftfartstilsynet har fag-, forvaltnings- og tilsynsmakt innanfor luftfartslova med tilhøyrande forskrifter, og romtilsyn etter romlova. I denne samanhengen behandlar Luftfartstilsynet mellom anna personopplysingar til formål knytt til tilsyn og søknadsbehandling, innrapportering og meldingar, koordinering og rådgiving. Behandling av personopplysningar er ein føresetnad for at Luftfartstilsynet skal kunne utføre samfunnsoppdraget sitt.

Luftfartstilsynet er også arbeidstilsyn for besetningsmedlemmer og fører tilsyn etter føresegnene i arbeidsmiljølova. Gjennom Luftfartstilsynets aktivitetar vert personopplysingar behandla med formål om å sikre at verksemdene sørgjer for eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø og i oppfølging av arbeidsrelaterte skadar og sjukdommar.

Behandlinga har rettsleg grunnlag i personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav e), som tillèt behandling av personopplysingar når behandlinga er nødvendig for offentleg styremaktsutøving. Dersom opplysningane inneheld særlege kategoriar av personopplysingar, til dømers opplysningar om helse, har behandlinga grunnlag i personvernforordninga artikkel 9 nr. 2 bokstav g).

Ved bruk av skjemaa våre til å eksempelvis søke om eit løyve, vil konkret føremål og behandlingsgrunnlag kome fram i ein informasjonstekst.

Formål som kjem av rettslege forpliktingar

I ulike samanhengar må Luftfartstilsynet behandle personopplysingar for å oppfylle ei rettsleg plikt som verksemda er pålagd.

Luftfartstilsynet er mellom anna forplikta til å føre ein offentleg tilgjengeleg journal over alle inngåande og utgåande saksdokument, jf. offentlegheitforskrifta § 6. Andre rettslege forpliktingar som føreset behandling av personopplysingar kjem mellom anna av folketrygdlova, rekneskapslova og skattelova.

Behandlingsgrunnlaget er i denne samanhengen personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav c), som tillèt behandling av personopplysingar når behandlinga er nødvendig for å oppfylle ei rettsleg forplikting med grunnlag i lov.

Behandling av personopplysingar i andre samanhengar

Personopplysingar vert også behandla i andre samanhengar, eksempelvis i tilfelle der du sender oss ein e-post, bruker nettsidene våre, eller deltar i eit nettmøte. Behandlinga er avgrensa til det som er nødvendig for å administrere og gjennomføre dei aktuelle aktivitetane, og for å behandle førespurnaden din.

Behandlingsgrunnlaget er her personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 a), som tillèt behandling når den registrerte har gitt sitt samtykke.

6. Kva kategoriar av personopplysingar vert behandla?

Kva personopplysningar som vert behandla avheng av formålet med behandlinga. Dette vil derfor variere. Ofte brukte personopplysningar er opplysningar om identitet, slik som namn, kjønn og fødselsdato, og kontaktopplysningar, slik som telefonnummer, e-postadresse og bustadadresse.

Andre personopplysningar som vert behandla kan vere brev, e-postar og annan kommunikasjon, opplysningar om lovbrot, sertifisering, arbeidsforhold og helse.

Du kan når som helst be om innsyn i eigne personopplysingar, sjå meir om dette nedanfor.

7. Kvar vert opplysningane frå innhenta og kven vert dei delte med?

Normalt vert personopplysingane innhenta direkte frå deg, men kan også stamje frå andre offentlege styresmakter eller offentleg tilgjengelege register.

Enkelte gongar vert delte personopplysingane med andre, som oftast med andre offentlege styresmakter, men ikkje avgrensa til dette. Det må då liggje rettsleg grunnlag føre for å dele personopplysingane, eller databehandlaravtale.

8. Kor lenge vert personopplysingane lagra?

Personopplysingar skal normalt ikkje lagrast ut over det som er nødvendig for å oppnå eit eller fleire spesifikke formål. Personopplysingar som det ikkje lenger er behov for, vil derfor bli sletta, med mindre anna fylgjer av andre regelverk.

Som offentleg styresmakt er Luftfartstilsynet underlagt ei omfattande arkivplikt. Saksdokument og andre opplysningar som er arkivpliktige vil derfor bli lagra i samsvar med arkivlova med forskrifter, og kan derfor ikkje slett på vanleg måte.

9. Opplysingar om arbeidssøkjarar

Søkjar du på ei stilling i Luftfartstilsynet, vil vi samle inn og behandle ei rekkje personopplysningar om deg, slik som namn og kontaktopplysningar, søknad, CV og andre opplysningar som har betyding for vurderinga av søknaden.

Ovannevnte er ein nødvendig føresetnad for å inngå ein eventuell arbeidsavtale med deg. Behandlingsgrunnlaget er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav b), som tillèt behandling som er nødvendig for å inngå ein avtale eller oppfylle tiltak på den registrertes oppmoding før ei avtaleinngåing.

10. Opplysingar om tilsette i Luftfartstilsynet

Luftfartstilsynet behandlar personopplysningar om eigne tilsette for å administrere og leggje til rette for arbeidsforholdet og for å oppfylle andre forpliktingar etter arbeidsavtalen. Behandlinga omfattar mellom anna namn og kontaktopplysingar, CV, arbeidsavtale, lønns-og betalingsinformasjon, skattekort, ferie-og fråværsoversikt, fagforeiningsmedlemskap, opplysningar om næraste pårørande, talet på barn og deira namn, eventuelle åtvaringar, og dessutan helseopplysningar innanfor ramma av arbeidsmiljølova.

Behandling av ovannemnde opplysningar er nødvendig for å oppfylle arbeidsavtalen med den tilsette. Behandlingsgrunnlaget for dette er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav b). Der behandlinga omfattar særlege kategoriar av opplysningar følgjer behandlingsgrunnlaget av artikkel 9 nr. 2 bokstav b).

Luftfartstilsynet behandlar også opplysningar om tilsette sine inn- og utregistreringar på arbeidsplassen. Som ei fylgje av kameraovervakinga ved nokre utvalde stader, som inngangspartia i bygninga, vil tilsettes rørsler på desse stadene bli filma. Behandlinga vert gjort på bakgrunn av ei interesseavveging etter personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav f), der omsynet til arbeidsgivars behov for tryggleiks- og kontroll av bygninga, og informasjonen som vert oppbevart i bygninga, veg tyngst.

Personopplysningar om dei tilsette vert behandla vidare i tilfelle der behandlinga er nødvendig for å oppfylle rettslege forpliktingar som fylgjer av mellom anna folketrygdlova, rekneskapslova og skattelova. Behandlingsgrunnlaget er i denne samanhengen personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav c).

11. Bruk av nettsidene våre

Automatisk lagring av informasjon

På same måte som dei fleste andre nettstader brukar luftfartstilsynet.no informasjonskapslar/cookies (små tekstfiler som nettstaden lagrar på datamaskina til brukaren). Dette medfører ingen tryggingsrisiko for deg, men du står fritt til å nekte eller trekkje tilbake samtykke til lagring av informasjonskapslar.

Nettanalyse

Som ein viktig del av arbeidet med å lage ei brukarvennleg nettside, ser vi på bruksmønsteret til dei som besøkjer nettstaden. For å analysere informasjonen bruker vi Siteimprove og Google Analytics.

Desse verktøya brukar informasjonskapslar/cookiar som registrerer IP-adressene til brukarane for å skaffe informasjon om nettaktivitetane til kvar enkelt brukar. Desse verktøya kan samle inn mellom anna følgjande data:

  • Anonymisert IP-adresse
  • Skjermoppløysing
  • Einingskategori, operativsystem og nettlesar
  • Geografisk plassering (avgrensa til land)
  • Kva språk sidan vert vist på
  • Bruk av datamus (rørsler, posisjon og klikk)
  • Tastetrykk
  • Dato og tidspunkt for besøk
  • Kva sider som vert besøkte
  • Noko som domene og URL brukaren kom frå

Statistikken kan gi oss svar på mellom anna kor mange som besøkjer ulike sider, kor lenge besøket varar, kva nettstader brukarane kjem frå og kva nettlesarar som vert brukte. Denne informasjonen vert brukt til å analysere kva brukaropplevingar vi kan forbetre, til dømes ved å framheve innhaldselement.

Ingen av informasjonskapslane gjer det mogleg for oss å knyte informasjon om bruk av nettstaden til deg som enkelperson.

Informasjonen frå Google Analytics vert lagra på serverar hos Google i USA. Dei mottatte opplysningane er underlagde retningslinjene som Google har for personvern.  

Du kan lese om korleis SiteImprove behandlar data her

Ei IP-adresse er definert som ei personopplysing, ettersom ho kan sporast tilbake til ei bestemd maskinvare og dermed til ein enkelperson. Luftfartstilsynet bruker ein sporingskode frå Google Analytics som anonymiserer IP-adressa før informasjonen vert lagra og behandla av Google. Den lagra IP-adressa vil dermed ikkje kunne brukast til å identifisere den enkelte bruke.

12. Rettane dine

Du har rett å få vite kva personopplysingar Luftfartstilsynet behandlar om deg, og til å få ein kopi av personopplysingane. Du kan også be om informasjon om kvifor vi behandlar personopplysingane, namn på eventuelle mottakarar, informasjon om kor lenge opplysningane er forventa å bli behandla og kvar personopplysingane stamjar frå.

Korrigering av personopplysingar

Dersom personopplysningane dine er feilaktige eller ufullstendige, kan du be om å få opplysningane korrigert eller supplert med fleire opplysningar.

Sletting av personopplysingar

I nokre tilfelle kan du krevje at Luftfartstilsynet slettar personopplysingar om deg. Som fylgje av mellom anna arkivplikta etter arkivlova med forskrifter, vil denne retten likevel vere noko avgrensa i offentleg sektor.

Rett til å trekkje tilbake samtykke

I tilfelle der behandlinga skjer på bakgrunn av samtykke frå deg, har du når som helst høve til å trekkje samtykt tilbake. Behandlinga vil då normalt måtte avsluttast. Dette påverkar likevel ikkje lovlegheita av den behandlinga som allereie har funne stad.

Det skal vere like lett å trekkje tilbake som å gi eit samtykke.

Avgrensing av behandling

I visse tilfelle kan du krevje at behandlingsmåten vert avgrensa. Dette gjeld der du har sett spørsmålsteikn ved personopplysingane, der behandlinga er ulovleg eller ikkje lenger er nødvendig, eller der du har protestert mot den aktuelle behandlingsmetoden.

Protest mot behandling

I nokre tilfelle kan du protestere mot ei behandling. Dette er avgrensa til å gjelde i tilfelle der Luftfartstilsynet behandlar personopplysningane dine som ledd i offentleg styremaktsutøving, jf. personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 e), eller når behandlinga skjer på bakgrunn av ei interesseavveging etter personvernforordninga artikkel 6 nr.1 f).

Protesten må grunngivast i din særlege situasjon. Det vil då vere opp til Luftfartstilsynet å avgjere om behandlinga kan halde fram.

Dataportabilitet

Dersom Luftfartstilsynet behandlar personopplysingane dine på bakgrunn av ditt samtykke eller ein avtale med deg, kan du be om å få overført opplysningane til ein annan behandlingsansvarleg, dersom det finst eit reelt val mellom fleire tenestetilbydarar/behandlingsansvarlege.

Rett til å klage

Viss du har innvendingar mot måten vi behandlar personopplysningane dine på, har du rett til å klage til Datatilsynet. Vi håper at du først tar kontakt med Luftfartstilsynet, slik at vi kan vurdere innvendingane dine og avklare eventuelle misforståingar.

Ønskjer du meir informasjon om rettane dine, eller har du spørsmål om utøving av rettar?

På nettsida til Datatilsynet kan du lese meir om rettane dine

Kontakt

Har du spørsmål om korleis personopplysingane dine vert behandla eller ynsker å utøve rettane dine, kan du kontakte oss på e-post: postmottak@caa.no, personvernombud@caa.no, eller sende brev til:

Luftfartstilsynet
Postboks 243
8001 Bodø