Hopp til innhold

Avvik i flylogg gav overtredingsgebyr på 35 000

Luftfartstilsynet gav i desember 2025 eit overtredingsgebyr på 35 000 kroner til ein luftfartøyeigar for mangelfull føring av flylogg.

Gjennom tilsyn fann vi eit avvik på minst 100 timar mellom faktisk og registrert flytid, som hadde utvikla seg over fleire år. Eigarar av luftfartøy har plikt til å sikre korrekt og etterprøvbar dokumentasjon som ein del av arbeidet med luftdyktigheita til luftfartøyet. Korrekt dokumentasjon av flytimar er nødvendig for å kunne kontrollere at luftfartøyet har fått alt nødvendig vedlikehald til rett tid. Avvik i loggbøker kan føre til at vedlikehald ikkje blir gjennomført i tide, noko som kan føre til teknisk svikt.

Eigaren sitt ansvar

Eigaren har etter regelverket eit sjølvstendig og overordna ansvar for at luftfartøy som blir brukte er luftdyktige, at vedlikehald blir utført slik det er beskrive i vedlikehaldsprogrammet, og at loggbøker blir førte med tydelege og nøyaktige opplysningar. Det var ingen skriftleg avtale med flyverkstad (CAMO/CAO), og eigaren hadde derfor det fulle ansvaret for vedlikehaldet.

Konsekvens

Avvika i loggføringa gjorde at ein ikkje kunne forsikre seg om at luftfartøyet faktisk hadde fått alt nødvendig vedlikehald slik det skulle. Luftfartstilsynet vurderer forholdet som grovt aktlaust, særleg på bakgrunn av omfanget av avviket og eigaren si sentrale rolle i bruken av luftfartøyet.

Gebyret er ilagt med heimel i luftfartslova § 13 a-5 og gjeldande forskrift.

Relevant regelverk