Reglane for droneflyging på 17. mai

Politiet er klåre på kvar du ikkje skal fly drone på 17. mai, og kva som kan vere konsekvensane.
- Ikkje fly over 17. mai tog eller folkemengder
- Ver sikker på at du har løyve viss du flyr i nærleiken av flyplassar
– Vi ynsker å unngå at ein drone fell ned i ei folkemengde, eller utgjer ein fare for flytrafikken, seier Harald Nilssen, stabssjef i Oslo politidistrikt. – Flyging ved lufthamner og over folkemengder er ikkje lov utan særskilt løyve. I Oslo sentrum gjeld i tillegg eit generelt flyforbod heile året. Flyging utan dronelappen eller i strid med reglane kan føre til bot frå kr. 12.000 og du risikerer at dronen vert inndratt.

Hugs å få løyve
– På spesielt folksame dagar som nasjonaldagen er det ekstra viktig å følge dronereglane, seier Anders Kirsebom, konserndirektør regionale lufthamner i Avinor. – Uautoriserte droneflygingar i nærleiken av flyplassane våre kan føre til konsekvensar for flytrafikken. Vi oppmodar alle som ynsker å flyge drone på 17. mai til å registrere flyginga si. Da veit det lokaleflytårnet kvar og når du ynsker å flyge, og kan vareta tryggleiken for alle partar.
Skal du fly drone i nærleiken av flyplassar må du:
- Få løyve av det lokale flytårnet. For enkelte lufthamner kan du søke om løyve i appen i Ninox drone. For andre lufthamner finst kontaktinformasjon til det lokale tårnet på Avinors nettside.

Ta dronelappen
Luftfartstilsynet er klåre på at alle som skal flyge drone i Noreg må vere registrert på flydrone.no
– På lik linje som at du er ein del av trafikkbildet når du køyrer bil, er du ein del av luftfarten når du flyr drone, påpeikar seksjonsleiar Andreas Johansen i Luftfartstilsynet. – Difor er det viktig å ta dronelappen og sette seg inn i reglane. Dei viktigaste er:
- Ta dronelappen på flydrone.no
- Du skal alltid ha augekontakt med dronen
- Vit kvar du ikkje har lov til å fly (flyplassar, verneområde og nasjonalparkar, militære område, mm.)
- Ikkje fly lenger enn 120 meter frå bakken
- Ikkje fly over folkesamlingar

Oslo politidistrikt, Avinor og Luftfartstilsynet ynsker ein fin (og sikker) feiring.
Kontaktinformasjon
Oslo politidistrikt
Pressesjef Unni Turid Grøndal
Avinor
Kommunikasjonsrådgivar Helene Wattanapradit Jensen
Luftfartstilsynet
Kommunikasjonsrådgivar Sanne Blom