Hopp til innhold

#flymodus er framleis like viktig

Barn ser tankefullt ut av flyvinduet mens det holder en penn og tegningspapir, med en illustrasjon som oppfordrer til bruk av flymodus for en hyggeligere flytur for alle, sponset av Luftfartstilsynet.
Små øyeblikk av stillhet kan inspirere til store tanker. Sett deg selv i flymodus og nyt reisen.

Medan mange gler seg til sommarferien og fine opplevingar, er arbeidskvardagen til mange tilsette i luftfarten prega av hendingar med uregjerlege passasjerar. Vi held fram med å jobbe for at alle skal ha ei hyggjeleg og trygg reise.

Spytting, tissing i midtgangen, passasjerar som nektar å følge instruksar, truslar fordi handbagasjen ikkje får plass akkurat der ein sit… Dette er berre nokre døme på kva tilsette opplever når dei er på jobb. – Det er uakseptabelt, fordi det gjer at dei kjenner seg utrygge på jobb og det er ein trussel for tryggleiken om bord. Dette seier flyoperativ inspektør og fagansvarleg kabin David Moldskred i Luftfartstilsynet.

– Flyturen skal vere ei hyggjeleg oppleving for alle, både reisande og tilsette.

En lykkelig familie deler et øyeblikk av glede på flyplassen, mens sønnen deres, sittende på bagasjen, smiler bredt. Bakgrunnen viser en kampanje fra Luftfartstilsynet som oppmuntrer til å sette elektroniske enheter i flymodus for en behagelig flyopplevelse for alle.
Hei, og velkommen ombord. Sett deg selv i flymodus og nyt reisen. Det er den klare oppfordringen fra en samlet bransje.

Nødvendig med framleis fokus 

I 2019 vart det registrert totalt 334 hendingar med uregjerlege passasjerar. I 2023 hadde det auka til 568 hendingar og i 2024 fekk vi heile 621 rapportar.

Utvikling i hendingar med off-loading av uregjerlege passasjerar.
Utvikling i hendingar med off-loading av uregjerlege passasjerar. Foto: Luftfartstilsynet

Sjølv om vi nå registrerer fleire ulike typar hendingar, noko som jo forklårar ein del av auken, viser  det at det dessverre framleis er heilt nødvendig å jobbe med uregjerlege passasjerar. Derfor inngjekk vi i 2024 eit samarbeid med aktørar i bransjen og utvikla kampanjen #flymodus. – Å sette seg sjølv i flymodus handlar om å bidra til ein hyggjeleg og ei trygg reise for alle, seier Moldskred.

Arbeidet har gitt resultat, men vi er framleis langt frå i mål.

Sett deg sjølve i #flymodus

Oppmodinga er derfor klar: vis måtehald og ta omsyn til reisande og tilsette rundt deg når du er ute og reiser. Ein god médpassasjer:

✅ Følgjer instruksane til besetningen

✅ Tar av hovudtelefonane når besetningen gir informasjon 

✅ Vise omsyn til andre médpassasjerar 

✅ Fylgjer med på tryggingsdemonstrasjonen 

✅ Drikker med måte

Flymodus = hyggelig, edru nok, og rolig.
Flymodus = hyggelig, edru nok, og rolig. Foto: Riktig spor

Til inspirasjon

Den norske flymoduskampanjen har vorte lagd merke til ut i Europa. Dei Europeiske landa jobbar saman rundt mange tema, blant dei tryggleiken i kabinen. Finske luftfartsstyresmakter har allereie sett til den norske flymoduskampanjen for å lage sin eigen versjon.

Kan du finsk? Da ser du kanskje kva som står her.
Kan du finsk? Da ser du kanskje kva som står her. Foto: Faksimile: Traficom

– Vi er glade for det felleseuropeiske samarbeidet og ser positivt på det at konseptet og materialet som er laga vert bruka av andre. Alle jobbar for tryggleik og det vert sterkare saman, avsluttar  Moldskred.

God sommar og ferie. Og hugs: sett deg sjølv i #flymodus