Hopp til innhold

Arktisk inspeksjon: Droner er komne for å bli – berre følg reglane

Klimaforsker på Svalbard bruker drone.
Klimaforsker på Svalbard bruker drone. Foto: Martin Rugsveen, Luftfartstilsynet

Svalbard er ein eksotisk stad som tiltrekkjer seg både turistar og forskarar. Felles for mange av dei er at dei brukar drone for å dokumentere opplevingar og funn.

Det meste av Longyearbyen på Svalbard ligg innanfor 5 km-sonen rundt flyplassen. Det betyr at ein, i tillegg til å ha dronelappen, må ha løyve frå kontrolltårnet ved flyplassen for å fly drone der. På grunn av rapporterte utfordringar med droneflyging nær flyplassen, gjennomførte inspektørar frå Luftfartstilsynet ei feltinspeksjon og ein informasjonskampanje på Svalbard.

Metangass og mose

Under feltinspeksjonen kom inspektørane frå Luftfartstilsynet i kontakt med forskarar som var ute og samla inn data. Blant anna møtte dei ein dronepilot ved nordlysobservatoriet, som brukte drone til målingar. Vedkomande forskar på metangass og vind ved Universitetet i Oslo. Piloten hadde alt i orden og flaug etter å ha vore i kontakt med kontrolltårnet.

Inspeksjon av drone på Svalbard.
Inspeksjon av en drone på Svalbard. Foto: Martin Rugsveen, Luftfartstilsynet

Inspektørane møtte òg ein tysk moseforskar med drone. 

Inspeksjon av en moseforsker som bruker drone på Svalbard.
Inspeksjon av en moseforsker som bruker drone på Svalbard. Foto: Kjell-Sture Johansen, Luftfartstilsynet

Dialog med organisasjonar

I løpet av opphaldet hadde inspektørane samtalar med ulike organisasjonar på den arktisk

e øya, og heldt presentasjonar for Sysselmesteren, Kystvakta, Avinor, Visit Svalbard, UNIS (Universitetssenteret på Svalbard), Svalbard Science Forum og SIOS (Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System). Her fekk inspektørane meir kunnskap om korleis droner blir brukte i forsking, og kva erfaringar ein har lokalt med droneflyging i området.

Ikkje ei absolutt forbodssone

Nokre hadde oppfatta 5 km-sonen rundt flyplassen som ei absolutt forbodssone der det aldri er lov å fly drone. Det stemmer ikkje – men ein må be om løyve. Det er det ikkje alle som gjer, særleg turistar bryt reglane. Det kan føre til farlege situasjonar om fly eller helikopter ferdast i same området.

– Luftfartstilsynet presiserte fleire gonger at det ikkje er eit forbod mot å fly drone rundt Longyearbyen, seier inspektørane. Å få løyve frå Avinor til å fly innanfor 5 km frå flyplassen er ganske enkelt. Bodskapen frå inspektørane er dermed tydeleg:

Ta dronelappen og søk om løyve der det trengst – så unngår du både bøter og inndraging av utstyr!

Eit nyttig verktøy som er kome for å bli

Oppsummert viser inspeksjonen og møta tydeleg at droner er nyttige verktøy som er komne for å bli. Flyg du etter boka, kan du på lovleg vis spare både naturen og deg sjølv for meir inngripande metodar for å ta bilete, samle inn data eller løyse oppgåver.

Klimaforsker flyr drone på Svalbard.
Klimaforsker flyr drone på Svalbard. Foto: Martin Rugsveen, Luftfartstilsynet

Luftfartstilsynet vil bruke erfaringane frå Svalbard i det vidare informasjonsarbeidet.

Hugs dei viktigaste dronereglane:

Registrer degflydrone.no.
Merk drona med operatørnummeret ditt.
• Hald alltid drona innan synsrekkevidde.
• Fly aldri lenger enn 120 meter frå næraste punkt på bakken.
• Hald minst 5 km avstand til lufthamner, med mindre du har særskilt løyve.
• Vis omsyn til privatlivets fred. Ikkje film eller fotografer utan samtykke.
• Bruk gjerne Luftfartstilsynets rettleiar for å finne ut kvar du kan fly.
• Respekter naturen og dyrelivet.