Restriksjonsområde i delar av luftrommet over Oslo og Indre Oslofjord

Luftfartstilsynet har fastsett to mellombelse restriksjonsområde i luftrommet over Oslo og Indre Oslofjord i samband med militær aktivitet. Restriksjonsområda er heimla i forskrift.
Restriksjonsområde «Indre Oslofjord»
Området er markert med rosa linjer på kartet nedanfor. Restriksjonen gjeld frå bakken/vatnet og opp til 3000 fot over middels havnivå.
- Tidspunkt: 12. september 2025, frå kl. 05.00 til kl. 13.00 (lokal tid).
Restriksjonsområde «Oslo»
Området er markert med raud sirkel på kartet nedanfor. Restriksjonen har ein radius på 2 nautiske mil og gjeld frå bakken/vatnet og opp til 3000 fot over middels havnivå.
- Tidspunkt: Frå 12. september 2025 kl. 11.00 til og med 17. september 2025 kl. 23.59 (lokal tid).
Restriksjonar
I dei aktuelle periodane er all flyging i restriksjonsområda forbode. Forbodet omfattar òg ubemanna luftfartøy (drone) og modellfly.
Unntak gjeld for politi, ambulanse, samt søk- og redningsoppdrag.
Operatørar som har særskilt behov for flyging, må ta kontakt med Forsvaret. Kontaktinformasjon vil bli publisert i NOTAM.