Hopp til innhold

Permanent restriksjonsområde i luftrommet over Grøtsund i Tromsø

Kart over restriksjonsområdet Grøtsund i Troms.
Restriksjonsområdet er markert med blå sirkel på kartet. Restriksjonsområdet har ein radius på 1 NM, og går frå bakken/vatnet og opp til 3000 fot over middels havnivå. Foto: Forsvaret

Luftfartstilsynet har oppretta eit permanent restriksjonsområde i luftrommet over Grøtsund industrihavn i Tromsø kommune.

Formål er å vareta tryggleiken i samband med operasjonane til forsvaret.

Utstrekninga av området

Restriksjonsområdet er markert med blå sirkel på kartet under. Restriksjonsområdet har ein radius på 1 NM med fotpunkt i oppgjeve i gradar, minutt og sekund i WGS84: N694446 E0190818, og går frå bakken/vatnet og opp til 3000 fot over middels havnivå.

Restriksjonsområde i luftrommet over Grøtsund i Tromsø kommune
Restriksjonsområde i luftrommet over Grøtsund i Tromsø kommune. Foto: Forsvaret

Aktivering av området

Dei etablerte restriksjonane gjeld berre når området er aktivert. Restriksjonsområdet er som utgangspunkt ikkje aktivt. Aktivering og bruk av området vert regulert av «Procedure on Use of AMC Manageable Areas, Edition 8.0, 12.06.2025» med tilhøyrande vedlegg 1 til 4, jf. forskrift 10. september 2024 nr. 2145 om reserverte område for fleksibel bruk av luftrommet § 2 tredje ledd.

Den felles sivil-militære eininga for styring av luftrommet (AMC) er ansvarleg for at alle aktiveringar og bruk av reserverte område etter denne forskrifta vert gjord kjend for andre luftrombrukarar på ein formålstenleg måte.

Luftromsrekstriksjonene

All flyging med luftfartøy i restriksjonsområdet er forbydd når området er aktivert. Forbodet gjeld all luftfart, inkluderer flyging med ubemanna luftfartøy og modellfly, med mindre særskilt løyve er gitt av Forsvaret eller Luftfartstilsynet. Oppmoding om særskilt løyve skal rettast til Forsvaret.

Forbodet gjeld ikkje for ambulanse-, brann-, politi-søk-og redningsflygingar og militære flygingar. Desse flygingane skal førehandsvarslast av lufttrafikktenesta til Forsvaret i samsvar med prosedyrar fastsette for dette formålet.

Forbodet gjeld heller ikkje for flygingar som følgjer instrumentflyreglane og er under visuell inn-/utflyging til Tromsø Lufthavn eller er etablerte på instrumentprosedyrar som er godkjende av Luftfartstilsynet i samsvar med forskrift 14. desember 2021 nr. 3530 om luftromorganisering § 25. Desse flygingane skal førehandsvarslast av lufttrafikktenesta til Forsvaret i samsvar med prosedyrar fastsette for dette formålet.

Publisert: 10.06.2025