Permanent restriksjonsområde i luftrommet over Børvågen i Andøy

Luftfartstilsynet har oppretta eit permanent restriksjonsområde i luftrommet over Børvågen i Andøy kommune, med formål å vareta tryggleiken ved anlegget til Andøya Space.
Restriksjonsområdet er fastsett igjennom forskrift.
Restriksjonsområdet er vist med gul sirkel på kartet nedanfor. Det har ein radius på 2,7 nautiske mil og strekkar seg frå bakkenivå eller havoverflata og opp til 2500 fot over middels havnivå.

All flyging innanfor området er forbydd for alle typar luftfart, inkludert ubemanna luftfart og modellfly. Særskild løyve kan givast av Andøya Space eller Luftfartstilsynet. Kontaktpunkt for søknad om slikt løyve skal gå fram av AIP Noreg.
Forbodet gjeld likevel ikkje for flygingar i samband med militære, politimessige, ambulansetenester, brann-, søk-og redningsoppdrag. Desse flygingane skal likevel koordinerast med relevant eining for lufttrafikkteneste, i tråd med koordineringsavtale med Andøya Space.