internet/framework/header.jsp
logo logo logo Kontakt
 
Stillinger
 
Organisasjon
 
 
 
Søk i hele tjenesten
Søk i AIC N
 
art_AIC-N.jsp
 
Tel: +47 75585000
Fax: +47 75585005
AFTN: ENCAYAYA
E-post: postmottak@caa.no
NORWAY
Civil Aviation Authority
- Norway -
P.O. Box 243
NO-8001 BODØ
AIC - N
02/09
08 JAN
 

 
N 02
Endringar i flyplassforskriftene BSL E 3-2, 4-1 og 4-2
code/image_article.jsp

Luftfartstilsynet har 16.12.2008 vedtatt endringar i tre flyplassforskrifter; i BSL E 3-2 (utforming av store flyplasser), BSL E 4-1 (bakketjeneste) og BSL E 4-2 (plasstjeneste).

Høyring vart gjennomført vinteren 2008. Med bakgrunn i høyringsinnspel er berre ein del av dei foreslåtte endringane vedtatt. Foreslåtte endringar om friksjonsmåling og –rapportering er ikkje vedtatt, men blir utsett med minst eit år og vil bli vurdert på nytt etter komande vinter.

Forskriftsendringane som no er vedtatt, har i all hovudsak sin bakgrunn i ICAO-standardar i Annex 14. I korte trekk omfattar forskriftsendringane:

1. Våtfriksjon
Det blir innført krav til overflatetekstur og rilling på rullebane (BSL E 3-2 § 2-6 tredje ledd og E 4-2 § 8 nytt fjerde ledd), og krav om rapportering dersom rullebanen kan vera glatt fordi den er våt (BSL E 4-2 § 7 nytt annet ledd).

Luftfartstilsynet har hittil - med heimel i BSL E 3-2 og E 4-2 - stilt krav om at flyplassoperatørane sjølv skal fastsetja krav til friksjon på våt rullebane. Ved tilsyn har Luftfartstilsynet sett til at den standard som er fastsett, samsvarar med Luftfartstilsynets oppfatning og Annex 14 Vol I. Å fastsetja tilsvarande nasjonale krav i forskrift skulle såleis ikkje medføre auka kostnader. I praksis har det vist seg at flyplassoperatørar ikkje nødvendigvis etterlever eigne krav. I den grad dette er tilfelle, vil dei nye forskriftskrava medføre ekstra kostnader til reasfaltering, rilling og måling av rullebanane.

2. Flyplasshandbok (BSL E 4-1 § 5 nytt fjerde ledd).
Alle landingsplassar med teknisk-operativ godkjenning blir underlagt krav om flyplasshandbok. Kravet er nytt for store flyplasser, som tidligere berre har hatt krav om kvalitetssystem. Det er også gitt detaljerte krav om innhaldet i flyplasshandboka i eit eige vedlegg til forskrifta. Innføring av krav om flyplasshandbok inneber primært ein redigeringsjobb for dei flyplassoperatørene som ikkje er underlagt dette kravet frå før.

3. Plan for fjerning av havarert luftfartøy (BSL E 4-1 § 6 nytt tolvte ledd)
Dette kravet er innretta mot naudsituasjonar der det trengst rask fjerning av havarert luftfartøy. Utarbeiding av ein plan for fjerning av havarert luftfartøy vil gi noko meirarbeid for dei flyplassoperatørar som ikkje har laga slik plan før.

4. Små korrigeringar/oppdateringar i BSL E 4-1

a) I gjeldande forskrift er det referert til eit vedlegg som ikkje er kunngjort. For å få vedlegget inn i forskrifta, blir det no vedtatt og kunngjort. Vedlegget gjeld signal frå lufttrafikktenesta til personar på bakken.

b) I BSL E 4-1 § 6(6) er kriteriet for lågsiktsprosedyre retta til 550 meter, og henvisninga til eit ICAO-dokument er oppdatert. Dei vedtatte forskriftsendringane m/oppdatert rettleiingsmateriale og ei «høyringsmatrise» (oversikt over innkomne høringsinnspel og Luftfartstilsynet si vurdering av desse) er lagt ut på www.luftfartstilsynet.no. Forskriftsendringane vil også vera å finne på Lovdata.no, og på nettsidene til Luftfartstilsynet under ”Regelverk” når dei er sett i kraft.

code/related.jsp
SLUTT
code/back.jsp
  << Tilbake

internet/framework/footer.jsp