Tel: +47 75585000
Fax: +47 75585005
AFTN: ENCAYAYA
E-post: postmottak@caa.no
NORWAY
Civil Aviation Authority
- Norway -
P.O. Box 243
NO-8001 BODØ
AIC-N
11/14
25 SEP

Endring av PPL-teorieksamen

Luftfartstilsynet legg om gjennomføring av PPL-eksamen frå årsskiftet 2014-2015.

Frå 1.januar 2015 blir eksamen gjennomført i samsvar med forordning 1178/2011 (Regulation Aircrew) og forordning 965/2012 (EASA OPS). I korte trekk vil dette omfatte omlegging frå pensum i JAR-FCL section 2 (AMC FCL 1.125/2.125) til forordning 1178/2011, AMC1 FCL.210 ; FCL.215 og omlegging frå BSL D 3-1 og BSL D 3-2 til forordning 965/2012 (EASA OPS), Part-NCO.

Det blir og vist til informasjon gitt i AIC-N 25/13 om moglegheit for å ta teoriprøve om igjen og gyldigheit for bestått prøve.

Omlegginga fører til endringar i pensumlistene. Luftfartstilsynet ber om at skolane set seg inn i desse endringane og formidlar dette til sine studentar. Skolane må tilpasse undervisninga slik at kandidatane kan eksaminerast etter ny ordning frå 2015.

Alle kandidatar skal prøvast etter ny ordning frå 2015 uavhengig av når utdanninga starta.

Nummerering av faga vil følgje AMC1 FCL.210 og FCL.215:

  1. Air law and ATC procedures  (Luftfartslovgivning og lufttrafikktjenesteprosedyrer)
  2. Human performance (Menneskelige ytelser)
  3. Meteorology  (Meteorologi)
  4. Communications (Kommunikasjon)
  5. Principles of flight (Flyteori)
  6. Operational procedures (Operasjonelle prosedyrer)
  7. Flight performance and planning  (Ytelser og planlegging)
  8. Aircraft general knowledge (Luftfartøyslære)
  9. Navigation (Navigasjon)