16 saker er registrert i 2009 før 12. mars, noko som er ei betydeleg auke frå dei fem sakene som totalt var registrert i fjor, og ikkje minst ein alvorleg indikasjon på kor utbreidd denne aktiviteten etterkvart har vorte. Alle dei største flyselskapa har vorte utsette for dette, og til og med ambulansefly har opplevd dette.
I USA vert slik blending med laserlys straffa med inntil 20 år fengsel og 300 000 dollar i bot, noko som seier litt om kor farleg denne aktiviteten er. Straffenivået i Noreg er nok ikkje på dette nivået, men desto viktigare er det å fokusere på farane ved bruk av slikt lys.
I ”astronomiens år” er det nok mange som brukar lyset til å sjå på stjernehimmelen, ein del brukar det i marknadsføring av arrangement, eller som eit lysshow, og andre gjer det rett og slett med vilje for å blende pilotar utan å sjå rekkjevidda av det dei gjer. Etter det vi kjenner til har ungdom heilt ned i 15-16-årsalderen gjort dette.
Dersom bevisstheita rundt farene ved å rette laserlys mot fly ikkje aukar, så fryktar Luftfartstilsynet at det i verste fall kan resultere i svært alvorlege ulukker. Flygarforbundet har også engasjert seg, og er heilt på linje med Luftfartstilsynet i denne saka.
Kontaktpersonar:
Direktør ved Operativ avdeling i Luftfartstilsynet, Einar Schjølberg, tlf. 98 26 18 00
Leiar i Norsk Flygerforbund, Jan Dieset, tlf. 93 23 58 00
Knut Backer - leder Flysikkerhetskomiéen i Norsk Flygerforbund, tlf. 90 01 60 46
| Oppdatert 19.03.2009 av Bjørn Erlandsen |
|
Dette nettstedet eies og drives av Luftfartstilsynet. Kopiering og mangfoldiggjøring
av tekst (ikke bilder) er tillatt dersom Luftfartstilsynet oppgis som kilde.
Nettredaktør: Bjørn Erlandsen.



