Det går i dag føre seg eit strukturert og løpande økonomitilsyn med luftfartsselskap i regi av økonomiseksjonen i Luftfartstilsynet. Tilsynet skjer etter regelverk gjennom EØS-avtalen og gjennomførast planlagt eller på ad hoc-basis.
Minst kvart andre år skjer det ein planlagd gjennomgang av alle selskap og flygetreningsorganisasjonar som har ein lisens og/eller driftsløyve. Ad hoc-tilsyn skjer dersom selskapa sjølve søkjer endringar eller utvidingar av sine rettar og dette krev ein ny økonomisk gjennomgang. Det inneber at mange selskap i praksis vert gjennomgått oftare enn kvart andre år.
Dokumentgjennomgang
Tilsynet går i hovudsak føre seg ved dokumentgjennomgang. Det inneber at selskapet (eller enkeltpersonføretaket) vert pålagt å sende inn godkjende rekneskap, interne rekneskapsrapportar, revisorstadfestingar, årsmeldingar og budsjett for gjennomsyn og analyse. I tilfelle der innsendt materiale ikkje gjev nok informasjon til å gje eit godt bilete av selskapet sin økonomi vil Luftfartstilsynet krevje tilleggsinformasjon.
Meir informasjon
Det skjer ganske ofte at det er naudsynt å få meir informasjon frå leiinga i eit selskap. I enkelte tilfelle kan det óg vere naudsynt å kalle inn representantar for eit selskap til møte for å drøfte enkelte forhold nærare. Sjølv om det er svært sjeldan kan det óg skje at det vurderast som naudsynt å utføre inspeksjonar. Nokre gongar kan det også, etter avtale med selskapet, vere aktuelt å drøfte problemstillingar med selskapa sine revisorar eller andre utanforståande som har ein funksjon i selskapet.
Dokumentering
Gjennomgangen av selskapa vert dokumentert gjennom arkivering av tilsendt materiale og ved at det skrivast og arkiverast eit internt notat med konklusjon etter kvar gjennomgang. Notatet går som regel til selskapet sin koordinator i juridisk avdeling i Luftfartstilsynet og til utdanningsseksjonen i operativ avdeling når det gjeld flygetreningsorganisasjonar.
Minimumskrav
Frå tid til anna tilfredsstiller ikkje selskap minimumskrava som vert stilte i forskriftene. I så fall er det aktuelt å stille krav om tiltak for å styrkje økonomien, eventuelt refinansiering. I verste fall kan også løyvet trekkjast tilbake.
Økonomisk tilsyn med avgiftsvedtektene i SES
Luftfartstilsynet fører tilsyn med økonomien til leverandørar av flysikringstenester etter nasjonalt og internasjonalt regelverk. Regelverket omfattar fastsetting av ei felles avgiftsordning for medlemslanda. Dette skal sikre at brukarane av flysikringstenestene får eit akseptabelt kostnads- og servicenivå. Det skal også gje incentiv til ei sikker og effektiv yting av flysikringstenestene.
Openheit og konsultasjon
Avgiftsordninga skal sikre openheit og konsultasjon om kostnadsgrunnlaget og om fordelinga av kostnader mellom ulike tenester. Forordninga sine vedtekter om undervegsavgift trådde i kraft 1. januar 2008, medan forordninga sine vedtekter om terminalavgift trer i kraft 1. januar 2010. Nye einingssatsar vert kvart år publiserte i midten av desember, før det nye kalenderåret som avgiftene skal gjelde for.
Økonomiseksjonen i Luftfartstilsynet
Det økonomiske tilsynet er primært forankra i det økonomiske miljøet i økonomiseksjonen i Luftfartstilsynet, med løpande kontakt med tilsynsmiljøa i andre avdelingar. Økonomitilsyn etter Kommisjonsforordninga vert koordinert av økonomisk seksjon i samarbeid med leverandørar av flysikringstenester og dei respektive økonomiansvarlege.
Nærare innhenting av informasjon
I dei fleste tilfelle der alle krav er oppfylte vil det vere tilstrekkjeleg med dokumentgransking. Dersom informasjonen er mangelfull eller det er grunnlag for tvil om den informasjonen som er gjeven vil det vere naudsynt med nærare innhenting av informasjon og samtalar med leiinga av flysikringstenestene.
Møter
Om god nok informasjon er vanskeleg å få tak i eller andre forhold tilseier det kan det vere aktuelt å halde møte med leiinga og/eller anna personell. Det kan også vere aktuelt å kontakte revisor eller rekneskapsførar dersom tilfredsstillande dokumentasjon ikkje kjem frå tenesteytaren sjølv. Inspeksjon, eventuelt saman med anna tilsynspersonell frå Luftfartstilsynet, kan verte gjennomført for å få ei betre innsikt i avgiftsgrunnlaget hos ytaren av flysikringstenestene.
Lovgrunnlag
Tilsyn med økonomien til flyselskap er forankra i EØS-avtalen gjennom forskrift om lisensar til luftfartsselskap (lisensforordninga), forskrift av 15. juli1994 nr. 691 § 1 nr. 8, vedlegget pkt. 66 b (Rådsforordning (EØF) nr. 2407/92 av 23. juli 1992).
Tilsyn med økonomien til flygetreningsorganisasjonar er forankra i Vedlegg 1a til JAR-FCL 1.055, jf. IEM nr. 2 til JAR-FCL 1.055.
Økonomitilsynet med leverandørar av flysikringstenester er fastsett av Kommisjonen for det europeiske fellesskap, implementert som forskrift i norsk rett. Det vart endra i Kommisjonsforordninga (EF) nr.1794/2006 av 15. juli 1994 nr.2006..