
- Etter at den økonomiske fullmakta frå Samferdselsdepartementet kom rett før jul er nesten alle brikkar på plass. Difor kunngjer vi no vårt val blant dei fem tilboda som har vore med i konkurransen, nemleg utbyggjar Ole Kr. Ertsvik AS sitt bygg i Sjøgata, seier Luftfartsdirektør Heine Richardsen. Kontrakten vert likevel ikkje underskriven før Klagenemnda for offentlege anskaffelser(KOFA) har avgjort om to av dei fire tilboda som vart avvist i somar må vurderast på nytt.
- Det er etter ein lang og grundig intern prosess at Luftfartstilsynet har kome fram til at tilbodet frå Ole Kr. Ertsvik AS er det beste ut frå dei kriteria vi har sett, seier Richardsen. Her tel pris 30 prosent, drift og vedlikehald 10 prosent, estetiske og funksjonsmessige eigenskapar 30 prosent, oppfylling av byggjeprogram 10 prosent, prosjektgjennomføring 10 prosent og lokala si plassering og tilgjengelegheit 10 prosent.
- Pris og dei andre fem kriteria er vurdert kvar for seg og heilt uavhengig av kvarandre. Vi er difor svært glade for at det byggjet som vi og den innleigde arkitektekspertisen vår synes er mest formålstenleg også viste seg å vere det mest gunstige økonomisk.
Avgjerda frå KOFA er venta 19. januar. Nemda si avgjerd er rådgjevande og Luftfartstilsynet er difor ikkje forplikta til å følgje denne. Dersom klagarane får medhald vil Luftfartstilsynet difor på sjølvstendig grunnlag vurdere om dei skal takast inn i konkurransen igjen.
- Snarast råd etter at KOFA har sagt sitt vil Luftfartstilsynet skrive under kontrakt med Ole Kr. Ertsvik AS. Det vil ta si tid å setje opp byggjet, men vi håpar å vere på plass i dei nye lokala i løpet av 2011, seier Richardsen.
| Oppdatert 05.01.2009 av Anna Brandal |
|
Dette nettstedet eies og drives av Luftfartstilsynet. Kopiering og mangfoldiggjøring
av tekst (ikke bilder) er tillatt dersom Luftfartstilsynet oppgis som kilde.
Nettredaktør: Bjørn Erlandsen.



