internet/framework/header.jsp
logo logo logo Kontakt
 
Stillinger
 
Organisasjon
 
 
 
Søk i hele tjenesten
Søk i Nyheter
 
art_interDefault.jsp
code/article_content.jsp
Tryggare landing med GPS
Som fyrste lufthamn i verda kan Brønnøysund no ta i bruk eit avansert GPS-system for tryggare innflyging og landing. SCAT-I skal gje endå sikrare forhold enn i dag, og Luftfartstilsynet har teke del i prosessen heilt frå utviklinga starta i 1996.
code/image_article.jsp
Dei fyrste passasjerane går ombord i flyet som tek innviingsturen for SCAT-I.


-12 år gjekk det frå starten til alle delar av systemet no er godkjende. I løpet av desse åra har SCAT-I vore gjennom mange og grundige testar, seier Ronald Geirhovd, fungerande avdelingsdirektør for flyplass og flysikring. Samarbeidet mellom Luftfartstilsynet, FAA, Widerøe, Park Air Systems, EASA, Transport Canada og Avinor har altså endeleg bore frukter. Brønnøysund lufthamn er fyrst ute, men målet er at systemet skal innførast på heile kortbanenettet i Noreg.

SCAT-I er likt GPS-hjelpemidla i bilar som kan fortelje om posisjon og køyrerute. Dette avanserte systemet gjev imidlertid mykje meir nøyaktige opplysningar om plasseringa og innflygingsruta til flya. Og omfattande testflygingar med SCAT-I starta allereie i 1997 med Luftfartsverket sitt DHC-8-fly.
-Ja, og dei fyrste testane resulterte i til dels store endringar i utstyret, seier Geirhovd.

I 2003 tok Luftfartstilsynet over sertifiseringa for bakkesystemet frå FAA. Då vart eit uavhengig ekspertpanel etablert for å fullføre arbeidet med sertifisering av både bakkesystem og systemet i flya. Vidare fortel historia at lufthamna i Brønnøysund vart godkjend for å få bruke SCAT-I 20. april i år. 31. august fekk Widerøe flyveselskap ASA godkjenning for å bruke systemet. Alle selskapet sine fly, DHC-8-100 serie, vil innan utgangen av 2009 ha utstyret klart for bruk.

I 1994 skjedde flyulukka ved Namsos som utløyste spørsmålet om å få eit meir presist innflygingssystem. Statens Havarikommisjon for Transport ba då det dåverande Luftfartsverket om å forbetre tryggleiken på kortbanenettet ved å utvikle og forbetre hjelpemidla for innflyging og landing.
- I dag kan vi endeleg seie at vi har lukkast med dette. No vert tryggleiken for passasjerane endå betre enn før, i følgje Geirhovd.

code/related.jsp
code/authordateback.jsp
Oppdatert 30.10.2007 av Anna Brandal
  << Tilbake

internet/framework/footer.jsp