Luftfartstilsynet skriv ut luftdyktigheitsbevis(LDB) fortløpande, og dei vil gå i posten i løpet av veka. Til saman er det snakk om totalt 340 bevis for allmennfly, og brorparten av desse er allereie på veg ut.
Dessverre finnast det mange flyeigarar/operatørar som ikkje har levert vedlikehaldsrapport og dermed ikkje vil motta N-ARC innan fristen 28. september. Konsekvensen er då at luftfartøyet ikkje er luftdyktig og må setjast på bakken.
Dei som ikkje har sendt inn dokumentasjon eller har sendt inn ufullstendig dokumentasjon må rekne med ventetid som betyr at fartøyet vert sett på bakken inntil saka er ferdigbehandla. Luftfartstilsynet behandlar sakene etterkvart som dei kjem inn, og vi vil så langt det er mogleg halde oss innanfor tidsfristen på fire veker for saksbehandling i offentleg forvalting.
Når det gjeld støybevis vil Luftfartstilsynet ikkje skrive ut desse for alle luftfartøya før 28. september 2008. Dei vil verte sende ut fortløpande for kvart enkelt luftfartøy i løpet av siste kvartal i år. Flya kan halde fram å flyge som normalt utan dette beviset så lenge N-ARC er i orden.
Les meir om innføringa av N-ARC i AIC N 11/08 publisert 25. Mars 2008.
Oppdatert forsidemal til samlemappa vil verte tilgjengeleg på www.luftfartstilsynet.no innan kort tid. Samtlege flyeigarar må sørgje for at oppdatert mal vert nytta, slik at alle som brukar luftfartøyet kan sjekke at mappa inneheld gyldig dokumentasjon til ei kvar tid.
| Oppdatert 24.09.2008 av Anna Brandal |
|
Dette nettstedet eies og drives av Luftfartstilsynet. Kopiering og mangfoldiggjøring
av tekst (ikke bilder) er tillatt dersom Luftfartstilsynet oppgis som kilde.
Nettredaktør: Bjørn Erlandsen.



