Høyring - søknad om fornya konsesjon for fire helikopterplassar i Stranda kommune

Stranda kommune har lagt fram ein søknad om fornya konsesjon for å driva og inneha fire helikopterplassar i Stranda kommune (Beredskapssenteret, Kjølen, Maskinstasjonen og Stranda sentrum).

Luftfartstilsynet sitt høyringsbrev er vedlagt, saman med utkast til konsesjonsvilkår og søknadsdokumenta frå kommunen.


Høyringsfråsegn kan ein senda på e-post til postmottak@caa.no, eller ved brev til Luftfartstilsynet, Postboks 243, 8001 Bodø. Merk gjerne høyringsfråsegnet med ref.: 16/14635.

Høyringsfristen er sett til 6. november 2017.